Vinnere skolemesterskapet: Lundehaugen/Iglemyr skole (oppdatert 1)

Etter en thriller i de siste rundene dro jentene fra Lundehaugen ungdomsskole / Iglemyr skole i land seieren i skolemesterskapet.

Vinnere skolemesterskapet: Lundehaugen/Iglemyr skole (oppdatert 1)

24 lag fra hele landet stilte til start i det aller først skolemesterskapet der elevene møtes fysisk til dyst. Lagene kom fra Lyngen i nord, Arendal i sør, og Utsira i vest.

Lagene fra Sandnes Juniorbridgeklubb var blant forhåndsfavorittene i et felt med mange ferske bridgespillere. De har spilt fast i egen juniorklubb i to år, og deltar også i lokale "voksenklubber" og turneringer.

Vinnerlaget fra venstre: Erleta Plana, Maja Nesdal, Selma Nesdal og Sigrunn Faag 

I klassen beste lag fra barneskolen vant Nore Neset I fra Os.

RESULTAT

Eit skuleeksempel

Av: Leif Juvik, Os Juniorbridgeklubb

Første skulemeisterskap i bridge blei ein kjempesuksess med 24 lag til start i Oslo helga 24. - 25. november.

Spelet over er frå siste kamp i turneringa, og viser at ungdomen verkeleg kan sine saker. Spelet er henta frå kampen mellom Sula ungdomsskule og Utsira skole; ein kamp som Sula vann 7 - 3. Sula sitt lag var samansett med spelarar frå Ålesund og Nesodden.

Ved bordet eg bakspelte var det Sula som nord/syd, med Maren Hansen Kjensli i nord og Nicolai Heiberg-Evenstad i syd.

Etter ruteropning i vest dobla Maren i nord opplysande. Pass i aust og Nicolai i syd måtte melda 1 spar. Maren i nord melde så to kløver, ei melding som Nicolai etter spelet fortalde var krav hos dei. Likevel passa han meldinga, og nord-syd har fort alt eit vunne spel ved å bremsa så tidleg på så mykje verdiar. Det er jo fort å koma for høgt her!

Aust valde det litt uvanlege utspelet hjarter knekt som gjekk til esset på handa. Maren fortsatte med kløver ess og kløver dame og aust var igjen inne. Aust-vest forsynte seg no kjapt med to ruterstikk og spar ess, slik at Maren enda på 9 stikk.

Det var siste spel i kampen så eg gratulerte Maren med spelet og sa det sikkert var eit vunne spel. Men sjølv var Maren ikkje nøgd. Med utspelet ho hadde fått burde ho tatt imot gåva med opne armar. I andre stikk var det jo bare å fortsetta med hjarter dame og stikka over med kongen i bordet. Deretter ta for hjarter ti og kasta ein ruter frå handa. Så kløver, evt med finesse. Aust får for kløver konge og vest for dei to essa sine, men det blir ti til Maren.

Spelet enda forøvrig uavgjort 1-1 (board-a-match berekning) då kontrakten blei 3kløver med 9 stikk på det andre bordet.

Leif Juvik

Os juniorbridgeklubb