Klubbspeling på RealBridge

20.01.2025 00:11

Link til turneringar ligg no under  terminliste  oppe til høgre på sida.      

Startkontingent kr 25.- ( kr 75,- dersom ein ikkje er medlem i NBF).

Kan betalast inn via VIPPS kode 131170 eller via bankkonto: 3562 50 54522 (f.eks ved månedsslutt). Dette passer alle på sjølv.

Uteståande startkontingent visast =>  her  (gje beskjed dersom ein oppdagar feil samnanger.bk@gmai.com) ---------------------------------------------------------------------------

Mandagar kl 20:00  

20-24 spel, ca to og ein halv time

For alle, treng ikkje medlemskap i Samnanger BK

Klubbpoeng dersom det er minst 3 bord

Ingen førehandspåmelding eller premiar

UNDO: Godkjenner undo dersom det er feilklikking

ALERT: Skal brukas opp til 3NT. Ingen alertering på pass, dobler eller redobler

Annonsering: etter åpning 1♣/♦/NT og 2♣/♦/♥/♠

---------------------------------------------------------------------------------------

Bruksanvisning =>  her . Test av kamara og mikrofon =>  her 

Ipad: Må være frå 2015 eller nyare.

Mobiltelefon: Kan ikkje spele på mobiltelefon

Nettlesar: Sjekk at du har nyaste versjon. Internet Explorer virkar ikkje

Kamera/mikrofon: Trykk på hengelåsen til venstre på adresselinja, og sjekk om det er tilgang. Ikkje kjør andre nettsider eller anna som bruker kamera/mikrofon. Feilsøking => her

Når makker melder ein falsk melding så trykker du på Alert kortet og eventuelt forklarar (som i klubben)

Stoppkortet er automatisk og kjem berre ved hoppmeldingar

Meldeboksen visas kun når det er din tur å melde

Innstillingar: Dersom du vel 2 trykks metoden, så er første trykk valg og så trykker du nederst på bordet for utfør.

Klokka er kun til info. Skiftar manuelt til neste runde før alle er ferdig, men alle spelar ferdig. Annonsering 10 sekunder før bytte

Virkar fint utan headset, men reknar med at det er bedre med

Ingen utlogging, berre avslutt fane/vindu

Resultat blir liggande på same linken ein loggar inn med

CLAIM: Vær obs på at om du "claimer" midt i ett stikk så må du telje med det stikket

Dersom du manglar makker kan du sitje i lobbyen og leggje inn ein chat melding om at du manglar. Merk at nye påloggingar ikkje ser tidlegare meldingar. Ein har heile 1. runde på å finna seg makker.

Kvalitetsberegning (NBF): Lavast verdi er best

Pålogging med fullt namn. ID, bruk NBF medlemsnummeret. Sjå at kamera virker og at der er utslag på mic volume

Kontaktpersonar: Ove 911 35 527, Helge 911 71 229

  



Oppdatert 20.04.2025 12:30