Geir Helgemo tryller

I 5.-rundekampen i NM for klubblag mellom Studentenes BK 1 og Heimdal BK 3,vant sistnevnte klart. Geir Helgemo vant en storeslem på en såkalt "en passent-skvis" (entry shifting squeeze) som forekommer veldig sjelden - de aller fleste har kun lest om varianten.

Spillet er omtalt på bloggen til Erlend Skjetne (han blogger om bridge og livets viderverdigheter), og vi siterer:

Geir Helgemo tryller

8 mars, 2011

Folk masar om spel. Vel, tillat oss å vera desidert fyrst ute med eit de neppe får sjå make til på lenge. Jamvel personen attom det, ein Geir Helgemo, vedgjekk under gjennomføringa at han kjende varianten berre frå bøkene. Ta ein titt på fylgjande:

A9xxx
Kxxxx
Ax
x

KJ10xx
A
Kx
Axxxx

La oss seia at du i fyrstehand med alle i sona sit i sør og opnar 1 spar. Neket i vest melder inn 2 spar, din makker viser sparstøtte med 2 grand, og du seier 3 kløver naturleg. 4 kløver cuebid, Blackwood frå deg, to ess og spar dame og 7 spar frå deg. I same augneblink som du spør kva 2 spar var og får til svar at det viser hjarter og kløver, kjem kløver konge ut til knekten og esset ditt. Kva no? Sit trumfen beint er det tretten ess, men ser du vinstvariantane viss han ikkje gjer det? Det i seg sjølv krev eit vake blikk, noko Helgemo sjølvsagt har: Du kan vinne med både 0-5-3-5, 0-5-2-6, 0-6-2-5 og 0-6-1-6 i vest, men du lyt i så fall spela knallhardt på det du eventuelt trur er tilfelle, ja, du lyt faktisk risikere å gå beit med trumfen 2-1, noko som unekteleg kan bli pinleg. Men samstundes … Er ikkje indisia overtydande? Vest har spela kløver konge ut og aust har lagt knekten. Med mindre aust har vore sers utspekulert og kasta denne knekten frå dobbelton, eller vest har gjort noko såpass hårreisande som å spela kløverkongen ut frå konge, dame, ni, åtte femte opp i speleførars avmelde kløverfarge, kan du vel eigentleg dra den slutninga at han har sekskorts kløver. Femkorts hjarter har han også vist, men har han 1-5-1-6 eller 0-5-2-6? Vel, han spela unekteleg ikkje trumf ut, som det gamle jungelordet seier ein skal gjera mot storeslem. La oss for ordens skuld seia at du byrjar med hjarter ess og ruter konge, og på den siste fylgjer vest med niaren. Skal denne vera singel, og aust ha unnlate å melde 3 ruter over 2 grand på dame, knekt åttande i ruter?

Neppe, tenkte Geir Helgemo, og spela nok ein ruter til esset. Vest fylgde på med tiaren. På hjarter konge fylgde både aust og vest, og viss no berre teorien hans om kløverfordelinga også stemte … Jau då: Spar ni gjekk til liten, liten og … kløveravkast! Deretter spar til knekten, spar konge og claim. For kva skulle vest liksom kaste? Han sat att med tri hjarter og tri kløver. Kastar han ein kløver går det kløver til steling, hjarter til steling, kløver til steling og handa er god; kastar han hjarter stikk speleførar spar konge med esset, spelar hjarter til steling, kløver til steling, hjarter til steling og bordet er godt. Merk at dette naturlegvis ikkje fungerer om ein tidleg tek for spar ess, fordi ein treng det kortet i sluttpossen. Heile spelet:

           A9xxx
           Kxxxx
           Ax
           x
-                    Qxx
QJ9xx                10x
109                  QJxxxxx
KQ1098x              J
           KJ10xx
           A
           Kx
           Axxxx

Det er berre å bøye seg i støvet. Hadde vi hatt litt flaks og spela optimalt så kunne vi kanskje vunne femterundekampen vår mot Helgemo og Børre Lund, Per Erik Austberg og Øystein Lerfald trass i dette spelet. Men det er klart at når ein møter ein spelar i stand til å gjennomføre eit resonnement som dette, og som dertil er sjølvtrygg nok til å spela på det han trur er rett, så har ein inga enkel oppgåve som motstandar. Vest i dette tilfelle var naturlegvis vi sjølve, og det skal seiast at vi hadde to sjansar til å vanskeleg- eller nesten umogleggjera denne speleføringa jamvel for Helgemo: Vi kunne, som Lerfald gjorde i ope rom, ha passa over 1 spar med 5-6 i rundfargane. Vi kunne også ha spela ruter ti i staden for kløver konge ut. Då hadde det truleg vorte butt mot beita på andre bordet, der Simonsen naturlegvis var fullstendig sjanselaus på speleføringa. Men på den andre sida ville vi ikkje då hatt dette lyriske spelet å glede massene med. Vi vil berre beda dykk om ein einaste liten ting, kjære lesarar: Hugs på at vi var dei fyrste som skreiv om det! Når vi skal sitja imot slike speleføringar som denne, så er det vel ikkje for mykje for langt i det minste å få ein journalistpris til vederlag? Det er langt til mål i dette annus horribilis enno, men blir ikkje dette årets spel så sluttar vi med bridge.