Bjørn Svela med massiv støtte til Jan Aasen
Denne debatten skulle slik jeg ser det, vært startet for lenge side. Nå har ikke jeg oversikt over Bridge-Norge sitt indre liv, men det vil forundre meg veldig om mange av kretsrepresentantene har gjort seg opp like klare meninger som Bjørn Svela. Det er ting om noen få dager og da skal det velges ny president, Jostein Sørvoll eller Jan Aasen.
Bjørn Svela har skrevet et langt svar på innlegget "Jostein Sørvoll løfter på sløret". Jeg tar meg den frihet å referere det i sin helhet her, mest for de som enda ikke finner helt fram på disse sidene.
STRYKKARAKTER TIL VALKOMMITEEN
Det er igjen strid rund Jan Aasen sin person og hans leiing av NBF. Minna frå sist gong det storma kring Jan fram mot og på tinget i 2008 dukkar også opp, og kjensla av at NBF framleis er ein prematur organisasjon, trass i sine 82 år, trengjer seg på.
Ut frå det vesle som er blitt gjort offentleg kjent, først og fremst takk vera Snorre Aalberg, er det svært vanskeleg å forstå at det kan vera ei god og fornuftig løysing å bytta ut den gamle skipperen - som kjenner skuta ut og inn - med ein ny og uerfaren kaptein på den siste vesle turen inn mot havn.
Denne «offentlege» informasjon består i all hovudsak i:
1. At Jan Aaasen, etter valkommiteen si overraskande innstilling, gjorde det kjent i brev til kretsane at dette var mot hans vilje og at han var budd på ein ny to-års periode for å fullføre arbeidet med EM i Tromsø.
2. Meir eller mindre offentleg kjent er vel og e-posten valkommiteen sin leiar, Alf Helge Jensen, sende til kretsstyra der det blei gjort greie for dei overraskande og uvanlege prioriteringar som var gjort.
3. NBF har også på heimesidene presentert presidentkandidaten Jostein Sørvoll.
4. Siste kapittel er at Jostein Sørvoll har lagt fram ei programerklaring etter samtalar med foreslått visepresident Eva Flått og styremedlem Astrid Steen Lybæk.
For meg er det framleis absolutt ingenting i dette som har kome offentlegheita for auge og øyre som kan få meg til å tru på at eit presidenskifte nå kan vera rett.
At det openbart må vera personlege motsetnader i sitjande styre, har vi fått dokumentert med Astrid Steen Lybæk og Eva Flått sine ultimatum og alliansar med Sørvoll.
Men er det også vanskelege samarbeidtilhøve mellom styre/president og administrasjon? Og kva feilgrep har evt. sitjande styre gjort i så måte? Vi som er engasjerte medlemmer og tillitsvalde på grarota vil gjerne vite konkret kva som er problemet. Personleg ser eg ikkje store forskjellar på «AS modellen» som Sørvold vil innføre og den arbeidsfordelinga mellom styre og administrasjon som NBF har i dag og har hatt i mange, for ikkje å seia alle, år.
Det er sjølvsagt ikkje ideelt at både finansiering og fleire andre detaljar kring EM i Tromsø enno ikkje er på plass, men husk at det faktisk er meir enn eitt år att til arrangementet. Vi ønskjer sjølvsagt ikkje nokon reprise på rabalderet rundt sjakk OL og vi kan heller ikkje vente at regjeringa på same måten i siste liten stiller opp med redningsbøye for bridgen. Men det blir gjort mykje godt arbeid for å koma trygt i havn med EM – og eg trur definitivt ikkje at det er rett medisin å sparke kapteinen når kaia nå er i sikte.
Om det skulle finnast meir handfaste fakta som underbyggjer valkommiten sine drastiske grep, – ikkje gøym dei mellom linene og pakk dei inn i tåkeprat - la oss få dei fram i lyset NÅ!
Valkommiteen si innstilling har sjølvsagt også sine positive element, ikkje minst fleire dyktige ungdommar og høg kvinneandel. Eg har heller ikkje noko som helst grunnlag for å så tvil om dei personlege kvalifikasjonane til nokon av dei føreslegne kandidatane.
Men med tanke på gjenspegling av geografi og medlemsmasse er styresamansetnaden ein provokasjon. Sjølvsagt skal Troms og Ofoten vera representert i styret i EM-perioden og det er heller ikkje unaturleg av Oslo er overrepresentert av reint praktiske grunnar. Som vestlending kan eg også leve med at Rogaland og Hordaland, som ligg på 2. og 3. plass når det gjeld medlemstal i NBF, vert ”avspist” med ein 3. varaplass - som i førre styreperiode. Men det er direkte uhøyrt at vår mest aktive, framgangs- og medlemsrike krets – og bridgefestivalvert, Østfold og Follo, ikkje er representert i styrekabalen (og faktisk heller ikkje i nokon andre tingvalde tillitsverv). Det praktiske aspektet ved å ha ein viss overrepresentasjon frå det sentrale austlandsområdet blir ikkje synderleg svekka av å erstatte ein Oslo-representant med ein Østfold/Follo-representant.
Eg skal ikkje spekulere i kva mekanismar og motivasjon som har vore drivkrafta i valkommiteen, men det er uansett grunn til å underkjenne deira arbeid – ikkje bare pga presidentnominasjonen, men og på grunn av ovannemnde skeivfordeling.
Ein robust organisasjon skal tåla brytingar og usemje – historien har og mange døme på at NBF har ridd av stormar før, utan store og varige sår, men det er utan tvil uheldig at NBF opplever slik uro og usemje i ei tid der vi MÅ stå sterke og samla om eit EM i Tromsø – og der vi kjempar om ein styreplass i den europeiske bridgeorganisasjonen EBL.
Eit vellukka EM, med gode og gjennomtenkte strategiar for å gjera bridgen betre kjent og meir attraktiv blant folk flest, KAN få enorm betydning for NBF.
Bridgetinget må derfor til helga syta for at NBF nå står samla og sterkt. Eg kjenner meg trygg på at det best kan skje ved at valkommiteen får klar beskjed om at dei har gjort ein elendig jobb og at Jan Aasen blir attvald som president. Brei tillit til Jan vil truleg også vere svært viktig for å sikre den viktige plassen i EBL-styret.
Astrid Steen Lybæk og Eva Flått har desverre stilt ultimatum for vidare arbeid i NBF styret. Dette er beklageleg, men gir samstundes tinget rom for også å ballansere styret betre med tanke på geografi og representasjon frå dei største og mest aktive kretsane.
11.juni 2014
Bjørn Svela
Legg til kommentar