Et innlegg fra bloggen GeOs blogg GeOs blogg

SAMSPELKVELD (om klubbsamarbeid, et leserbrev)

Fra Jan Frode Bolstad har vi mottatt et leserbrev om klubb-bridge i Sogn og Fjordane, og om et tiltak som har vist seg å fungere får å få til mer attraktive klubbkvelder. Her følger leserbrevet gjengitt:

//

Samspelskveld

Mange klubbar slit med rekruttering, og spesielt i grisgrendte strøk gjer dette til at klubbar vert små, nivået synk og til slutt døyr ut. Hafslo/Solvorn og Sogndal har løyst dette på ein framifrå måte. Ein gong i månaden møtes dei, anna kvar gong i dei to klubbane til Samspelskveld. 8 kveldar i sesongen.

Dette resulterer i ein større klubbkveld, som og trekk meir spelarar frå naboklubbane. Normal deltaking i dei to ulike klubbane er 3 til max 5 bord. På samspelkveldane 8-11 bord, inkludert gjerne 3 par frå andre kubbar. Her er det god trivsel, med spelarar frå både pensjonistklubb og dei to klubbar. Dette er og ein fin arena til å ta med ein ny makker for å drive rekruttering. Gjerne i opplæringsøyemed, eller for å trene på system med andre enn din faste makker. Det å ta eit besøk til naboklubben, er særdeles viktig for å auka talet på klubbspelarar. Neste gong kjem nokon til din klubb, eller du vert spurd om å komme tilbake, når ein manglar makker.

Så eit spel frå siste kveld, der både system, kjemi, hjelp frå motpartens meldingar og «table feeling» gav alle poenga for ekteparet Bolstad.

Meldingene gikk slik:

2sp var spelemelding. Har ikkje til å straffe 2 hj, men viser nesten invitthand. Nord: ut frå meldingar, der makker truleg ikkje har bortkasta verdiar i hjerter, vurderte tilpass som god og trudde på til utgang.

Utspel hjerter knekt til A og ny hjerter til steling. Speleførar ser no to potensielle taparar i kløver, potensielt avkast av kløver på ruter. Dette må eventuelt løysast med ein tidleg fisk av ruter knekt. Dersom Ø sit med 5-5 er det både fare for singel trumfhonnør, og dobbel ruter knekt. Ei sparlengd vil uansett vere plassert i vest, så ein dobbeltfinesse i spar vil beskytte mot to raske kløvertaparar og gi speleførar litt meir tid til å finne det tiende stikket. Spar 10 blei dekka med knekt, og dama vann stikket. Hjerter til steling reinska den fargen og ny spar til 9 beheldt stikket. Då var det berre å ta ut siste trumf og spele safe på 10 stikk. I denne situasjon er det nok best om Vest legg kongen i første trumfrunde, og liten neste gang. Dette vil skape ein illusjon til spelførar om to spar i øst, og fristelsen for å bruke trumf dame i neste runde blir stor, for så å ta ruterfinesse og berre avgi to stikk i kløver. Dette vil gi ei beit, då denne plan ikkje fører fram. Vest hadde mykje av dette spelet i si hand, og ville nok med pass i andre runde, og ikkje 3 hjerter fått spele motspel på 2 spar med 9-10 stikk, eventuelt ei beit i 4sp med å legge kongen. 

//

Kommentarer

Logg inn for å skrive kommentarer.